August på sjakkleir i Bergen

 

August Solbu på treningsleir i sjakk i Bergen fra 29. juni til 3. juli.
Foto: Matias Myren

 

Et reisebrev fra Bergen

Vårt og TSKU sitt unge medlem på 7 år, August Solbu, har vært på sjakkleir i Bergen og jeg spurte hans far Askild Gjerstad om et lite reisebrev og ble svært glad da han stilte opp. Det er spennende å høre hvordan andre gjør det og August trivdes i Bergen i sommer på sjakkleir der han fikk mange nye venner.

August på Sjakkleir
Reisebrev av Askild Gjerstad

 

Søråshøgda sjakklubb i Bergen har dei siste åra arrangert sjakkleir for barn i alderen 7 til 15 år. Primus motor i sjakkmiljøet på Søråshøga, Ole Valaker, har med seg sju andre instruktørar for å gje rundt 30 barn frå Bergensområdet eit sjakktilbod i starten av sommarferien.
Den einaste deltakaren som ikkje kom frå Bergen, var August Solbu i TSKU. August reiser på ferie til Bergen kvar sommar, så då var det jo perfekt å bli med på sjakkleir i Bergen. August har som mange andre unge sjakkspelarar sakna å spela sjakk på brettet dei siste månadane. Derfor har han gledd seg i lang tid til han skulle på sjakkleir, og endeleg få spela sjakk på gamlemåten igjen.

Sjakkleiren varte frå 0900-1530 kvar dag, og det blei tid til både fotball og andre idrettar innimellom turneringar og leik med dei andre på sjakkleiren. Den siste dagen var det tradisjonell monradturnering med seks langsjakk-parti for alle deltakarane. Det vanka pokalar til alle, og ulike andre premiar til tilfeldig uttrekte blant deltakarane.

Nivået til dei som var med på leiren var veldig variabelt. Nokre var heilt nye sjakkspelarar, og andre hadde spelt sjakk i fleire år allereie. August var likevel ein av dei som hadde spelt aller mest sjakk av dei som var med.

 

På fredag 3/7 ble det arrangert en Barnas Grand Prix-turnering der August ble nr. 2 i sin klasse – her er premiene klare for utdeling
Foto: Matias Myren

 

Det sosiale det viktigste

Det sosiale med sjakkspelinga er vel kanskje det aller viktigaste med å reisa på sjakkleir. August har veldig lyst til å reisa på ungdoms-NM i Bergen i november etter å ha vore på sjakkleir, fyrst og fremst fordi han kan treffa igjen sine nye vener frå sjakkmiljøet i Bergen på arrangementet. Det er trass alt det viktigaste, sjølv om det ikkje er heilt lett å gløyma det unødvendige tapet i den siste turneringa når ein er sju år og er på sjakkleir for fyrste gong. August fekk andreplass i sin klasse, og hamna bak vinnaren på kvalitet på grunn av det eine bitre tapet.

 

Premievinnerne i Barnas Grand Prix sammen med primus motor Ole Valaker
Foto: Askild Gjerdstad

 

 

På leiren ble det spilte endel turneringer på Lichess – her et parti som viser at August liker å angripe: