Lørdagsintervjuet: Hallvard Tjelmelands sjakkhistorier

    
Hallvard Tjelmeland hadde æren av å få spille lynsjakk mot selveste Karpov midt i Tromsø sentrum
Foto: Arrangøren av sjakk-OL 2014

 

I dag er Hallvard Tjelmeland intervjuobjekt – og et spennende sådan. Tjelmeland er i dag professor ved universitetet i Tromsø der han jobber ved Han jobber ved institutt for arkeologi, historie, religionsvitenskap og teologi og er best kjent i bybildet for sine debattinnlegg og sine artikler i lokalpressen. Men i sine yngre år spilte han mye sjakk og han vant faktisk det prestisjetunge klubbmesterskapet i Tromsø i 1973 foran sterke folk som Frans Larsen og Leonhard Nilsen. Denne uka tar vi et dypdykk sammen med Hallvard Tjelmeland om sjakk.

 

– Kan du fortelle litt om når, og hvordan, du begynte å spille sjakk?

Eg lærte trekka tidleg, eg kjem frå ein sjakkinteressert familie, men eg vart ikkje sjakkspelar før eg fekk strukturert opplæring på ungdomsskolen, med eldstebror min Sigurd som lærar. I 1968 byrja eg på Bryne sjakklubb, og då var det gjort.

– Hvem er din største favorittspiller gjennom tidene?

Dei eg hadde mest sans for som sjakkspelar i mi aktive tid på slutten av 1960-talet og fram til midt på 1970-talet var «the usual suspects» – Capablanca, Alekhine og Botvinnik. Og sjølvsagt vart også eg fascinert av Tal og Fischer. Seinare følgde eg ikkje så godt med lenger, men eg vil i dag svara Magnus Carlsen. Ikkje fordi han er norsk, sjølv om det hjelper på, men fordi han har fornya sjakken og skapt ein ny glød. Og så har eg følgd han nøye på nettet heilt sidan 2004.

– Kan du forteller litt om din sjakklige dannelsesreise fra ung ulærd til kommende mesterspiller?

Før eg vart aktiv sjakkspelar, las eg Sjakk! av Olaf Barda. Det var ei pedagogisk og sjakkleg perle som var svært inspirerande. Det var så eit avgjerande sprang då eg byrja i sjakklubb. Så hadde eg ein kompis på Bryne, Terje Melkeraaen – årets seniornorgesmeister, som eg spelte mykje med, noko vi begge lærte mykje av. Svært viktig var at eg i 1969 kjøpte det store opningsverket til Max Euwe. Eg bestilte det på dansk gjennom Skakhuset i København – og fekk åtte bind på tysk! Det var ein liten nedtur, men det viste seg nyttig å læra seg sjakktysk. I mi tid som aktiv sjakkspelar var tysk sjakkens latin, det ein danna person måtte kunna. Og det kunne dei fleste på meisternivå, sjølv om dei bare hadde sju års folkeskole. Seinare kjøpte eg Midtspillet (på dansk i to bind) og Das Endspiel av same forfattar. Særleg Midtspillet var viktig for sjakkforståinga mi.

Hallvard Tjelmeland spiller mot Arthur Jarhelle på 2. bordet for Tromsø i en bykamp mot Narvik i 1976
Foto: Privat  |  Tjelmeland

– I forlengelsen av dette. Hvordan var det å komme til sjakkmiljøet i Tromsø tidlig på 70-tallet?

Eg byrja hausten 1972, mens eg framleis var på marinebasen Ramfjordnes base, seinare Olavsvern, i klasse 1. Den vann eg i hard konkurranse med Jan Shotland. Vi spelte på IOGT-huset, og eg synest det var ein flott klubb å koma til. Eg rykka opp i meisterklassen og fekk møta sterke veteranar i klubben, slike som Leonard Nilsen og Henry Johnsen, og dei to som var dei sterkaste då: Magne Bergvoll og Frans Larsen. Seinare vart eg også kjend med Gunnar Johnsen og mange andre trivelege og sterke sjakkspelarar. Særleg hugsar eg mange lynsjakk- og turneringsparti mot sjakkbohemen Wiggo H. Eilertsen.

– Hva er din beste turneringsprestasjon over brettet noensinne?

Eg kom på tredje plass i Meister reserve i sjakk-NM i Oslo i 1975. Det kvalifiserte for opprykk til Meister kandidat i NM i Harstad året etter. Fordi det var låg deltaking der, vart Meister Elite og Meister kandidat slått saman – så då kunne eg ha spelt på høgaste nivå. Men då hadde eg lagt brikkene på hylla, eg klarte ikkje å spela god nok sjakk i kombinasjon med studiar og høg politisk aktivitet. Eg er lettstressa, og slagkrafta mi vart svekka. Desto større beundring har eg for ein person som nåtidas Benjamin Arvola Notkevich som stig mot stjernene som sjakkspelar samstundes som han er aktiv som student og politikar.

Bror Sigurd i kamp mot Hallvard Tjelmeland i et lynsjakkparti midt på 80-tallet
Foto: Privat  |  Tjelmeland

 

– Du ble klubbmester i Tromsø høsten 1973 – fortell litt om dette mesterskapet?

Eg må bare innrømma at eg ikkje hugsar denne turneringa meir enn dei andre, og gjennom ulike flytteprosessar har kjelder gått tapt. Men eg hugsar at eg vart klubbmeister, og at eg sjølvsagt vart glad for det. (Her er tabellen fra 1973, Red anm.  Takk til Audun Pedersen)

 

Høstturneringen 1973
Klasse Mester, runde:     1 2 3 4 5 6 7
1. Hallvard Tjelmeland    * 0 1 1 1 1 1   5.0
2. Frans Larsen           1 * 0 1 = 1 1   4.5
3. Leonhard Nilsen        0 1 * = 1 = 1   4.0
4. Wiggo H Eilertsen      0 0 = * 1 = 1   3.0
5. Henry Johnsen          0 = 0 0 * 1 1   2.5
6. Jon Ø Gudmundsson      0 0 = = 0 * 1   2.0
7. Magnar Sigerset        0 0 0 0 0 0 *   0.0

 

– Jeg vet at du traff Sverre Melvær – klubbens grunnlegger i din tid i klubben. Fortell litt om han?

Eg traff han hausten 1972, den første sesongen min i klubben. Eg trur ikkje han sjølv spelte klubbmeisterskap då, men eg spelte eit par lynsjakkparti med han. Han var nok ikkje på høgde med kva han var i yngre år, men eg minnest han som ein hyggeleg gammal mann – og eg merka historias vengeslag gjennom lokalet, då eg visste at han var den som grunnla klubben i 1918. Og det er jo artig å tenka på at eg har spelt mot grunnleggjaren når vi nå står framfor 100-årsjubileet.

– Hvem er den beste spilleren du har møtt i klassisk brettsjakk og når skjedde dette?

Eg spelte mot mange sterke spelarar i NM, Nordnorsk meisterskap og i Tromsø. Kanskje Gunnar Johnsen er den sterkaste. Han møtte eg i NNM i Bodø i 1974, der eg kom på tredjeplass – og han vann.

– Hva er ditt aller beste sjakkminne?

Kanskje det var frå sommaren 1969, då mor mi sat med knekt fot og lova meg betaling tilsvarande kjøp av Max Euwe sitt opningsverk dersom eg vann to gonger 10-0. Og det gjorde eg. Mor mi var ein habil og entusiastisk sjakkspelar, men brydde seg i det heile tatt ikkje om sjakkteori. Far min var ein betre sjakkspelar enn ho, for han hadde lese Olaf Barda si bok.

– Hva var dine styrker og svakheter som sjakkspiller?

Eg var i mine aktive år først og fremst ein posisjonsspelar, som gjorde det skarpast i halvopne stillingar – der eg også kunne spela litt offensivt. Eg trur eg var nokså allsidig, men opningsrepertoaret kunne nok vore betre, og eg var nok litt ujamn i sluttspelet. Det var i midtspelet eg hadde min styrke.

Hallvard Tjelmeland under et av sidearrangementene i sjakk-OL
Foto: Anniken Vestby

– De som kjenner deg litt sier at du fortsatt er en angrepsspiller og tro romantiker over sjakkbrettet. Hvordan kjenner du deg selv igjen i dette?

Som du forstår av svaret på siste spørsmålet, kjenner eg meg ikkje så godt igjen i det! Eg trur nok at eit slikt rykte har oppstått fordi eg dei seinare åra i lynsjakkparti på Prelaten og i klubblokalet har spelt i 1800-talsstil. Hovudårsaka til det er at eg har gløymt det meste av opningsteorien, og difor speler uortodokse opningar og særleg nokre villmannsgambitar som eg har hatt brukbar suksess med, fordi dei ikkje lenger blir spelt – av gode grunnar. Men skulle eg igjen spela vanleg langsjakk, vil eg nok slutta med slikt bajaseri.

– Du er universitetsansatt med et bredt fagfelt – har egenskaper eller kunnskaper du ervervet deg gjennom sjakken gitt deg en styrke også i yrkeslivet?

Det er jo ikkje så godt å vita. Men som historikar er kanskje det analystiske mi sterkaste side, og der kan kanskje sjakken ha kome godt med!

– Holder du fortsatt kontakt med noen av dine gamle sjakkvenner og får du spilt noe over brettet?

Eg speler jo sjakk med min eldste bror Sigurd kvar gong eg treff han, og det gjer eg kvar sommar på ein feriestad i Trøndelag som deler av morsslekta mi bruker som møteplass. Han bur i Bergen, og i den tida han var havforskar, var han jo stundom på reise til eller forbi Tromsø – og då var det alltid sjakk. Min gode venn frå 1970-talet, Arne Rolf Sivertsen, opphavleg frå Berlevåg, spelte eg ofte med fram til at han døde i ei tragisk drukningsulukke for nokre år sidan. Med alt for sjeldne mellomrom speler eg lynsjakk på byen med min gamle nabo og veteran i Tromsø sjakklubb, Jørgen Schou Christiansen. Og dei siste åra har eg spelt med sonen min Håvard Tjelmeland Fause som fekk ein bratt stigande kurve som sjakkspelar då han var i Hammerfest sjakklubb eit par år mens han arbeidde i Fiskeridirektoratet der. Eg håper at vi kan trappa opp det ytterlegare framover, nå som han har flytta tilbake til Tromsø, kanskje ved at vi begge byrjar å spela i Tromsø sjakklubb! Og så har mi yngste dotter byrja i juriststudentane sin sjakklubb i Bergen. Så eg føler sterkt at sjakken har medvind i familien – eg håper på ytterlegare rekruttering der, og det er nok særleg eit resultat av den generelle Magnus-effekten og min entusiasme for verdsmeistaren. Framfor kvar turnering han er med i, sender eg ut ein Carlsenalarm med informasjon om turneringa og sterk adjektivbruk.

Hallvard Tjelmeland (midten) får premie under et av arrangementene under sjakk-OL 2014
Foto: Anniken Vestby

– Du fikk sikkert mye ballast med deg i ryggsekken fra din fartstid som sjakkspiller – hvilke av disse erfaringene, kunnskapen og ferdighetene som du opparbeidet deg gjennom sjakken har du satt størst pris på?

Som tidlegare nemnd, meiner eg sjakk kan bidra til å trena opp analyseevna og evna til å tenka logisk og strukturert, men også stimulera intuisjon og kreativitet. Om eg kan til skriva meg alt dette, er ein annan ting – men eg trur nok at det eg eventuelt måtte ha av slikt delvis kan ha rot i sjakkspelinga.

– Hvis du skulle gi Tromsø Sjakklubb – som klubb – et råd inn mot jubileumsåret, hva ville det være?

Eg har sidan sjakk-OL i 2014 betalt kontingent, men eg er fullstendig passiv. Men eg følgjer godt med, og eg er svært imponert over aktiviteten i klubben og det aktive barne- og ungdomsarbeidet. Klubben er absolutt på rett spor, og det er grunn til å tru at det også vil gi nye sjakklege triumfar. Så mitt råd blir difor: Hald fram som de stevnar!

– Tromsø Sjakklubb har et rikholdig bibliotek med gamle klassiske sjakkbøker – kan du nevne tre bøker fra din tid som du mener fortsatt holder høyt nivå?

Eg brukte ikkje det biblioteket, eg er faktisk ikkje heilt sikker på om eg kjente til det. Av dei bøkene eg sjølv kjøpte på den tida eg var aktiv, synest eg at Midtspillet av Euwe framleis står seg godt. Og så vil eg tilrå alle å unna seg «Spillet i mitt liv» av André Bjerke.

– Hvordan nyter du sjakklivet i dag – spiller eller følger du noe med på nett? Hvordan gjøres dette?

Eg har følgd alle Carlsen sine turneringar på nettet så å seia frå starten. Eg følgjer sjølvsagt TV-sendingar frå dei store hendingane, som Carlsen sine VM-matchar. Eg ville aldri ha trudd at sjakk kunne bli formidabel fjernsynsunderhaldning, men det har det blitt – ikkje minst takk vera veldig gode og pedagogiske kommentatorar. Desse sendingane er noko vi alle kan læra av. Og så har eg spelt lynsjakk på nettet, men det har eg trappa ned på i det siste.

Hallvard Tjelmeland i full konsentrasjon til høyre – spiller lynsjakk under sjakk-OL
Foto: Anniken Vestby

– Du har bodd i utlandet og jeg vet du oppsøkte en sjakklubben der ute. Var mye annerledes enn i Tromsø?

Eg har vore to år i Cambridge, UK, med ti års mellomrom. Siste gongen reiste vi direkte frå sjakk-OL i Tromsø, og på rein entusiasme meldte eg meg inn i Cambridge City Chess Club. Det var ei interessant erfaring, og det førte til at eg byrja å lesa litt sjakklitteratur igjen. Den største skilnaden til sjakklivet i Tromsø, er at det meste av aktiviteten var knytt til lagkampar mot andre sjakklubbar i distriktet, i Bury St. Edmunds league. Her spelte eg på Cambridge Choristers, i første divisjon. Sjølve bymeisterskapet var bare på sju rundar og gjekk over heile året. Dei hadde også andre innslag, slik som foredrag om bestemte tema. Eg var på eitt av dei, ein danske i 70-åra som snakka interessant om Bent Larsen. Det kunne kanskje vore aktuelt også i Tromsø.

– Har du en historie fra din fartstid innen sjakken som du kan dele med oss?

I samband med den VM-kvalifiserande stormeisterturneringa i Tromsø hausten 2013, svarte eg på ei sjakknøtt i iTromsø. Den av dei som svarte rett og som vann trekninga, ville bli oppringt på Stortorget og få høve til å spela eit lynsjakkparti med sjølvaste Karpov. Og det vart meg! Det var stort. Vi sat på eit podium og partiet vart vist på storskjermar med Simen Agdestein og Susan Polgar som kommentatorar. Eg spelte fransk og kom likt ut av opninga, likt ut av midtspelet og stod likt i sluttspelet med like god tid. Men så gjekk eg for langt i forenkling då eg bytta tårn og fekk ein isolert bonde i sentrum, mens han hadde bondemajoritet på dronningfløya. Då ga eg opp, i materielt lik stilling. Men artig var det!

– Kunne du tenkt deg å bruke mer tid på sjakk igjen når pensjonsalder kommer?

Absolutt! Kanskje eg hiv meg med i klubbtureringar her i Tromsø, kanskje eg vil delta i slike seniorturneringar dei har rundt om kring.

– Hvilke andre hobbyer har du utenfor de 64 sjakkfeltene?

Bok- og avislesing! Elles er det travle dagar og mykje reising, så eg er godt nøgd med å bruka fritid på familie og rolege kveldar i kvardagen.

Hallvard Tjelmeland spiller lynsjakk mot sin sønn på Prelaten under et Kafesjakk-arrangement
Foto: Jan S. Berglund