Trekk fra Nord: Hallvard Tjelmeland

Hallvard Tjelmeland spiller oppvisning i 2014 mot Anatoly Karpov 
Foto: Sjakk-OL Tromsø 2014

 

Hallvard Tjelmeland bidrar i dag til spalten Trekk fra Nord. Tjelmeland er professor ved universitetet i Tromsø der han jobber ved institutt for arkeologi, historie, religionsvitenskap og teologi og er best kjent i bybildet for sine debattinnlegg og sine artikler i lokalpressen. Men i sine yngre år spilte han mye sjakk og han vant faktisk det prestisjefylte klubbmesterskapet i Tromsø i 1973 foran sterke folk som Frans Larsen og Leonhard Nilsen. Vi tar et dypdykk sammen med Hallvard Tjelmeland i partiet mot Leonhardt Nilsen fra dette mesterskapet og får så servert et bonusspor. Jeg gir ordet til Tjelmeland.

 

Eit posisjonsparti med bonusspor

Mi sterkaste side som aktiv sjakkspelar på 1970-talet var posisjonsspelet. Eg var sterkt influert av dr. Max Euwe sitt verk om midtspelet (to bind), og av at eg dessutan på slutten av 1960-talet kjøpte opningsverket (åtte bind) av same person. Eg bestilte det på dansk og fekk det på tysk, og dei første binda var opningar med d4. Dermed vart eg i hovudsak ein d4-spelar, noko som også stimulerte mi interesse for posisjonsspel. Det partiet eg har valt ut, er typisk for spelestilen min dei åra er var aktiv fram til midt på 1970-talet. Det er eit parti i meisterklassen i bymeisterskapet våren 1973, det første semesteret mitt som student på det nye universitetet. Året før var eg i førstegongsteneste på Ramfjordnes base (seinare Olavsvern), og på hausten vann eg 1. klasse og rykka dermed opp eit hakk. I ein av dei første partia slo eg veteranen Leonard Nilsen, fødd 1906, medlem sidan 1931. Han hadde si stordomstid på 1940- og 50-talet, men han var framleis ein god klubbspelar og fast inventar i meisterklassen. Dettepartiet vart av ein jury i Alta vurdert som det beste for sesongen 1972/73 – og namnet mitt kom på ein vandrepokal der seinare internasjonal meister og norgesmeister Sverre Heim stod øvst. Partiet vart innsiktsfullt kommentert av Frans Larsen i hans glimrande sjakkspalte i Nordlys (og i sjakktidsskriftet Patt), og eg vil trekka vekslar på hans analysar her, supplert med digitale vurderingar gjennom analyseprogrammet til Lichess, som eg bruker for første gong etter tips frå Sjakkfantomet, og nokre eigne vurderingar. Året etter måtte eg elles overlevera vandrepokalen til same mann, for eit parti der han slo meg!

Eg har tatt med ei bonusparti som viser at eg også kan fleska til med aggressivt åtaksspel, eit ultrakort parti mot Vidar Taksrud (då 2081 i rating) i meisterklassen i NM i 1975, der eg kom på tredjeplass med rett til å spela i meister kandidat året etter – men då la eg opp. Partiet vart omtalt i VG under tittelen «En hverdagstragedie» og har ein viss underhaldningsverdi. Først til partiet mot Leonard Nilsen. Partiet gir gode døme på korleis ein kan spela for at motstandaren skal få svake bønder og korleis det fører motstandaren ut i ei hengemyr – med katastrofale følgjer.

 

Posisjonspartiet:

Svart gjorde nokre defensive og tafatte trekk her og der, men i botn for det låg at eg hadde initiativet heile vegen fordi eg hadde ein klar plan om å spela på svake punkt og seinare at eg kunne skifta over på kongefløya. Det var rett og slett vanskeleg å koma opp med eit godt motspel. Eg kunne nok valt ein annan veg ved å trenga inn med dronninga, slik Lichess tilrår i trekk 37 og 39, men min plan var god nok!

Eg tar med dette partiet først og fremst fordi det er underhaldande. Det er
ein illustrasjon av at tilsynelatande normale utviklingstrekk kan få fatale
følgjer dersom ein ikkje ser etter kva taktiske finessar motstandaren kan ha i
ermet. Det er særleg to feiltrekk som slår i augene, 8…c5 og 10… De6.

 

Bonussporet:

 

Aktuelle lenker: