Reisebrev: August på talentsamling i Bergen

August i Bergen under premieutdelinga
Foto: Askild Gjerstad

 

August på talentsamling i Bergen
Av August sin pappa Askild Gjerstad

Bergen i ausande regn i slutten av januar må vel vera den siste plassen nokon vil reisa på helgetur? Slik var det ikkje for August i helga, då han var med på Unge mestre si samling på Nordnes i Bergen. Unge mestre har ei årleg samling for unge sjakktalent, og tidlegare har det kome tilreisande frå heile landet til denne samlinga. Denne gongen var det berre fire tireisande utanom dei 16 deltakarane frå ein av landet sine fremste barnesjakklubbar, som er Søråshøgda frå Bergen. Frå Alta kom brødrene Peder og Mikkel Damtoft Solbakken, som August sikkert har spelt 100 lynsjakkparti mot på ulike turneringar dei siste to åra. Det er alltid eit høgdepunkt for August å møta Mikkel og Peder på turneringar, det er ikkje ofte han møter andre ungar med same sjakk-appetitt som han sjølv har.

 

Mikkel Damtoft Solbakken, August og Frode Urkedal i etteranalyse
Foto: Askild Gjerstad

 

23 rata parti på tre dagar

Samlinga var organisert med ei rekke ulike aktivitetar, der hovudingrediensen var 23 rata sjakkparti i løpet av dei tre dagane. Det var lagt opp til ti lynsjakkparti laurdag kveld. Dessutan var det ei eigen turnering med ni hurtigsjakk-parti og fire langsjakk-parti som gjekk fredag, laurdag og sundag. Etter langsjakkpartia var det analyse med GM Frode Urkedal, IM Ivar Bern og IM Kjetil Stokke. Slikt kan ein læra mykje av.

August endte som nummer 6 i turneringa for lang- og hurtigsjakk, der det var med 20 deltakarar mellom 8 og 13 år. Det var han brukbart fornøgd med, sjølv om det var fleire parti der han følte at han stod best, men som han til slutt tapte eller som endte remis. Men slik er vel sjakken. Ein hugsar best dei poenga ein rotar bort.

 

 

Hovudingrediensen var 23 rata sjakkparti i løpet av dei tre dagane
Foto: Askild Gjerstad

 

I overkant frisk angrepssjakk

Laurdag kveld var det tid for lynsjakk, der det også var med fleire vaksne spelarar med over 1700 i rating. For oss som kjenner August, er det ingen løyndom at lynsjakken er hans absolutte favoritt. Her få han bruka sjakkintuisjonen sin, og han storkosar seg med kort tenketid og ofte i overkant frisk angrepssjakk. Det gjekk dessutan over all forventing i lynsjakken. August kjempa høgt oppe på tabellen lenge, og spelte mange parti på bord 2, 3 og 4. På slutten blei det noko tyngre, og han endte til slutt på 11.plass av 26 deltakarar. Prestasjonsratinga var på 1653, det er hans beste prestasjonsrating nokon sinne!

 

 

August i aksjon mot Filip Lu Opheim
Foto: Askild Gjerstad

 

Lynsjakk med adrenalinkick

August tok fleire sterke sigrar mot høgare rata spelarar i lynsjakken. Høgdepunktet var nok likevel partiet mot stormeister Frode Urkedal. Her stod August lenge brukbart, men etter omtrent 15 trekk blei han ståande bonde under, og derifrå kunne det berre gå ein veg mot ein stormeister. August blei uansett kveldens suverene ratingvinnar, og han gjekk opp 130 i lynsjakk-rating. Utfordringa etter ei lynsjakk-turnering, er at adrenalinet kokar. Dessverre var ikkje lynsjakken ferdig før klokka 21, og det tok mange timar før August sovna natt til sundag. Kven kan vel sova når ein har ti lynsjakk-parti å tenkja gjennom?

 

Høgdepunktet var partiet mot stormeister Frode Urkedal
Foto: Askild Gjerstad

 

Simultan på overtid

Sundags morgon måtte me ta bussen i striegnet klokka 08, etter alt for få timars søvn. August spelte sitt svakaste langsjakk-parti på veldig lenge klokka 09 sundag morgon, presisjonen var ifølge Stockfish lågare enn han har i mange lynsjakk-parti. Likevel redda han ein remis mot turneringsvinnaren i dette partiet. August var nok ikkje den einaste som hadde sove lite. Etter premieutdelinga sundag var det tid for ein siste simultan mot Frode Urkedal. Dei fleste var allereie på veg heim heim, men både Peder, Mikkel og August var blant dei åtte deltakarane som nytta sjansen til å få med seg eit siste parti mot stormeisteren før me skulle venda nasen nordover. Både August og Mikkel fekk teften av å kunne slå Urkedal på tid, og til slutt måtte me springa hals over hovud til bussen i striregnet for å ikkje koma for seint til flyet. Kven kan vel tenkja på kvardagslege bagatellar som uvær og heimreiser når ein kan få spela sjakk mot ein stormeister?

 

August var blant dei åtte deltakarane som nytta sjansen til å få med seg eit siste parti mot stormeisteren i simultan
Foto: Askild Gjerstad

 

Her er August sitt fyrste langsjakkparti:

 

Aktuelle lenkjer: