Mitt beste sommersjakkminne: Hallvard Tjelmeland

Hallvard Tjelmeland spiller fortsatt sjakk – her sett over et sjakkbrett på Prelaten!
Foto: Jan S. Berglund

 

Sommar og sjakk – og mitt beste sommarsjakkminne
Av Hallvard Tjelmeland

For meg har sommar og sjakk alltid hange nær saman, nærast som hand i hanske. Dette har røtter tilbake til somrane på Ørlandet i Trøndelag, til garden Nesset som mor mi kom frå, og feriesamlingsplassen Sauvika. Sauvika var eit småbruk nær Nesset eigd av ein onkel av meg som var ungkar, og der har delar av morsslekta mi samla seg om somrane frå 1970 og opp til i dag. Begge foreldra mine spelte sjakk, eitt parti seg i mellom kvar einaste dag. Eg veit at mor mi kunne spela sjakk alt på 1930-talet, for far min skreiv frå Stavanger i eit brev til ho i august 1940 at han nettopp hadde lært seg å spela sjakk. Han rekna med at ho etter kvart ville få problem med å setja han sjakk matt, og så legg han kryptisk til: «Og dessuten. Sjakk er godt å kunne i alle tilfellers skyld». Han hadde nok i tankane at det kunne vera greitt å kunna spela sjakk dersom han hamna i fangenskap, slik som mange av dei gamle bolsjevikane i tida før den russiske revolusjonen, noko han alt då kalkulerte med.

 

Her får Hallvard en premie under sjakk-OL i Tromsø under et sidearrangement i 2014
Foto: Tromsø sjakklubbs arkiv

 

Sjakk på Nesset, Jørpeland og Sauvika

Om det var til hjelp då han tre år seinare faktisk vart arrestert og sat i tysk fangenskap krigen ut, veit eg ikkje. Men i alle høve veit eg at mor mi i eit brev til faren Peder hausten 1949 frå Jørpeland, der foreldra mine busette seg like etter krigen, skreiv at dei hadde fått sjakkdilla. Han kunne svara at det hadde dei fått også fått på garden Nesset. For sonen Per, altså ein onkel av meg og som seinare tok over garden, og drengen Rolf var det blitt slik at «om de sitter under kuene og melker, så må de inn når sjakktrekket venter». Stålverksarbeidaren Harry Radlgruber var nok ein del av sjakkdilla hos foreldra mine. Eg veit at han ofte var innom og spelte sjakk. Han er elles i mine kretsar mest kjend for at han slo Max Euwe i ei simultanforestilling i Stavanger, med opninga Orangutang (1. b4?!) – ei opning eg sjølv praktiserte i Tromsø sjakklubb på 1970-talet (og stadig vekk, når eg i ledige stunder grip til tastaturet). Elles var det bridgen som gjaldt på Nesset og mange andre gardar på Ørlandet, og begge foreldra mine spelte også bridge. Den mellomste broren min, Per, vart då også aktiv turneringsspelar i bridge.

 

Hallvard og storebror Sigurd på Nesset sommaren 1968
Foto: Privat

 

   Men for den eldste bror min, Sigurd, og eg var det sjakk som gjaldt. Sigurd er fem år eldre enn meg og reiste heimanfrå, så frå eg byrja å bli interessert i å spela sjakk på slutten av ungdomsskoletida var det om somrane eg kunne ta dette ut på bror min. Først på Nesset på slutten av 1960-talet, og så i Sauvika. Tusenvis er dei partia eg har spelt mot mor mi og eldstebroren på denne staden. Eg vann heile det store opningsverket av Max Euwe, på tysk, som 17-åring ved å vinna to gonger 10 – 0 mot mor mi sommaren 1969 då ho hadde brukke beinet og ikkje hadde anna å gjera. Mor var ein entusiastisk sjakkspelar, men totalt uskolert. Såleis var far ein sterkare mostandar, for han hadde lese den fabelaktige boka «Sjakk!» av Olaf Barda, som også var mi første sjakkbok. Sjakksomrane på 1970-talet var elles prega av dei fire norgesmeisterskapa eg var med i første halvdelen av tiåret – der eg fekk ein femte plass i junior A, vann 1. klasse (8 av 9!) og kom på tredjeplass i meister reserve. Som fleire har vore inne på i denne serien om sjakklege sommarminne, står landsturneringane i ein eigen glans for dei som har vore med på det. Men då la eg sjakkbrikkene på hylla som turneringsspelar; politikken og studia tok over.

 

Sauvikmeisterskapet i 1995, då det bare var to deltakarar
Foto: Privat

 

   Så sommarsjakk for meg var frå då og opp til denne dag noko som spelte seg ut på feriestaden Sauvika, der det stor sett kvar sommar har vore Sauvikmeisterskap, med høgtidleg kåring av Sauvikmeistaren. Dei første åra var det bare to deltakarar, Sigurd og Hallvard, men så kom den yngre generasjonen opp og vi vart fleire og fleire. Slik vart sjakk og sommar synonyme storleikar for meg. Som for mange andre ga suksessen til Magnus Carlsen ein ny kveik for sjakkinteressa, og i ein ti års tid frå 2010 var eg ein sjølvoppnemnd «Carlseninformasjonsansvarleg Sameiget Sauvika», med utførlege forhandsomtalar av alle turneringane Vår Mann skulle opp i. Eg la ned dette embetet etter dei famøse manøvreringane i samband med freistnadene på å kuppa landsmøtet i sjakkforbundet sommaren 2019, men Carlsen-effekten på norsk sjakk opphøyrte jo ikkje med dette.

 

På 2010-talet kom nye generasjonar med – innomhus og utandørs
Foto: Privat

 

Tromsø seglar opp – Carlsen-effekten og sjakk-OL

Få stader fekk Carlsen-effekten så stor betydning som i Tromsø, som vist av Jan Sigmund Berglund i hans bidrag i denne spalta. Det første høgdepunktet for meg var World cup- turneringa i Tromsø i august 2013, som ein første opptakt til det komande sjakk-OL. Her var det sideturneringar der eg og andre interesserte kunne spela lynsjakk og der vi kunne møta verdseliten. Eg fekk til dømes eit parti mot ein svært ung Daniil Dubov, som nok ikkje vart svært imponert over spelet mitt. Og så, året etter, eit fantastisk sjakk-OL. Det var like før eg, kona mi May-Britt og yngstedotter Marit flytta til Cambridge for eitt år, der eg meldte meg inn i Cambridge City Chess Club – inspirert av Magnus-effekten og sjakk-OL i Tromsø. Det var utruleg å kunna rusla rundt og følgja sjakkeliten, kunna delta på sideturneringar og få med seg avslutningsseremonien, der dotter Marit (seinare med i Dragefjellet sjakklubb i Bergen) og venninna Anne Maia stod for premieutdelinga, Marit i norsk bunad og Anne Maia i samisk drakt. Kombinasjonen av Carlsen-effekten og den veldige satsinga i Tromsø sjakklubb har jo styrka Tromsø-sjakken kraftig, men viktigast for nivåhevinga i Tromsø er den formidable innsatsen frå eldsjeler som Berglund, Sven Wisløff Nilssen og Anniken Vestby. I botnen av dette ligg jo ein eldre sjakkultur, i mi tid som aktiv på 1970-talet med så sterke spelarar som Gunnar Johnsen, Frans Larsen og Magne Bergvoll. Eg skulle gjerne hatt ein slik sterk sjakkultur i ryggen då eg for alvor vart sjakkspelar som 16-åring. Eg og sjakk-kamerat Terje Melkeraaen måtte finna ut av tinga på eigahand som juniorar i Bryne sjakklubb, som ikkje ein gong var medlem av sjakkforbundet.

 

Lynsjakk i sideturnering under sjakk-OL i Tromsø august 2014
Foto: Privat

 

Kva er så mitt beste sjakklege sommarminne?

Her må eg nok trekka fram mitt parti mot sjølvaste Anatolij Karpov på Stortorget i Tromsø i 2013. Det var del av eit propagandashow for sjakken og det komande OL i Tromsø sentrum under World Cup-turneringa midt i august. Opplegget var at Karpov først spelte simultan i Storgata, og så skulle han spela eit fem minutt lynsjakkparti på eit podium like nedanfor Rakettkiosken. Motstandaren skulle trekkast ut blant dei som hadde svart rett på ei sjakknøtt i bladet Tromsø ei veke tidlegare. Eg sendte inn svar på denne nøtta og kunngjorde til heile familien at eg kom til å bli trekt ut. Vi stod alle spent på torget og venta på den forløysande telefonen om at eg hadde blitt trekt ut – og den kom! Eg steig då opp på dette podiet. Partiet vart vist på ein storskjerm og fortløpande kommentert av Simen Agdestein og Susan Polgar.

   Eg valte Karpov sitt eige favorittvåpen mot e4, fransk. Han spelte det Euwe kalla Die Tarrasch-Variante, og eg svarte med c5. Eg kom likt ut av opninga, eg kom likt ut av midtspelet, likt inn i eit tårnsluttspel, og eg hadde full kontroll på tida. Eg satsa sjølvsagt på remis, og forenkla heile tida. Men så gjorde eg ein grov tabbe (hugs: Eg var svært rusten som sjakkspelar) og bytta av tårna, med den følgjen at eg sat med ein isolert bonde i sentrum, mens Karpov kunne kosa seg med bondemajoritet på dronningfløya. Eg ga difor opp i lik materiell stilling, truleg utan at dei fleste av dei fleire hundre på torget forstod kvifor. Agdestein fortalte meg at eg lett kunne halda remis dersom eg bare heldt på tårnet. Det sa eg også til ein journalist i bladet Tromsø, som la det ut som om eg trudde eg burde vunne partiet. Eg måtte såleis rykka inn eit dementi, eg ville jo ikkje dumma meg ut overfor dei sjakkspelarane som såg partiet! Bror Sigurd meinte at eg eigentleg hadde vunne partiet, fordi Karpov gjorde eit trekk før eg var ferdig med å trykka på klokka (sjå nærare på vedlagte foto!), men eg var strålande nøgd bare for å ha fått dette høvet til å spela mot Karpov utan å bli valsa ned og få eit profilbilete på Facebook som eg har halde på til denne dag. 2014 var ein strålande sjakksommar!

 

Mitt beste sommarsjakkminne: Karpov på Stortorget!
Foto: Sjakk-OL Tromsø 2014

 

Aktuelle lenker: