Reisebrev fra Askild, August og Eirik i Oslo

Stor stas å få spela klokkesimultan mot Simen Agdestein og vinna på tid!
Foto: Askild Gjerstad

 

Sjakkferie i Oslo

Dragulf sjakklubb er kanskje landet sin fremste på sjakk for barn. Ikkje berre har dei mange talentfulle barne- og ungdomsspelarar i sine rekker, dei arrangerer også svært populære sjakkleirar i sommar-, haust- og vinterferien. I haustferien i år var leiren fullbooka, i all hovudsak med deltakarar frå Oslo. To langvegsfarande deltakar frå Tromsø var likevel mellom dei heldige som fekk plass. Eirik på sju år fekk plass i gruppa for heilt nye sjakkspelarar, mens August på ni år fekk plass i gruppa for dei mest erfarne barnesjakkspelarane.

 

Så gira er ein når ein har stått opp klokka 0445 og skal på sjakkleir i Oslo i ei heil veke!
Foto: Askild Gjerstad

 

Sjakkpass

Dragulf har ei veldig fin ordning med sjakkpass, som er svært motiverande for barn som lærer seg sjakk. Passet startar med enkle oppgåver som å slå Magnus Carlsen 5 år på mobilappen. Dei vanskelegaste oppgåvene greier berre nokre få. For Eirik, som er sju år og heilt ny som sjakkspelar på kurs 1 i TSKU no i haust, blei sjakkpasset ein stor motivasjon i haustferien. Han jobba fyrst hardt med å slå Magnus Carlsen seks år gammal på mobilen, og øvde seinare i veka på sekkematt, binding, gaffel og mykje anna for å få fleire klistremerke i passet. Til slutt enda han opp med ti klistremerke, no gler han seg til å koma tilbake på sjakkurs 1 på måndag og prøva ut sine nye sjakktriks.

 

Eirik samlar merke i Dragulf sitt sjakkpass. Her har han greidd merket for skolematten!
Foto: Askild Gjerstad

 

Simultan og mykje lynsjakk

Å reisa på sjakkleir i haustferien, må vera det næraste August kan koma ein draumeferie. Han fekk spela simultan mot Simen Agdestein, trena på ulike sjakkproblem i fleire timar kvar dag og spela tallause lyn- og hurtigsjakkparti i løpet av veka. Eigentleg var det lagt opp til halvannan times pause mitt på dagen på sjakkleiren med ballspel og andre uteaktivitetar, men August og eit par-tre andre brukte all tida på å spela lynsjakk og simultan mot kvarandre. Det er jammen ikkje kvar veke ein kan spela sjakk heile dagen, ballspel blir det nok av elles i året!

 

17 stykker spelte simultan mot Simen Agdestein og August var ein av dei som vann på tid
Foto: Olga Dolzhikova

 

I Oslo Schakselskap

Oslo har ei rekke sjakkturneringar kvar veke, og August var så heldig å få vera med på to turneringar. På tysdag var det lynsjakkturnering hos Oslo Schakselskap. Det var 46 deltakarar og eit yrande liv med mange tilskodarar i tillegg til alle spelarane. Mange kjente lynhaiar deltok, og ein såpass habil sjakkspelar som Atle Grønn blei berre nummer 6. August fekk ein ganske tøff kveld i eit hardt selskap, og endte med 3/10 og ein prestasjonsrating på 1338. Likevel ei svært verdifull erfaring å vera med på ei så stor lynsjakkturnering for ein niåring. Neste gong blir kanskje resultata også betre.

 

Eirik multitaskar med mobilsjakk og Kaptein Supertruse på Ipad mens August spelar turnering i OSS
Foto: Askild Gjerstad

 

Hos Stjernen sjakklubb

August deltok også på sjakklubben Stjernen si tradisjonelle hurtigsjakkturnering. Det var 21 deltakarar, og August fleska til med to sigrar og ein remis i dei tre fyrste partia, og fekk spela på bord 1 i fjerde parti. Ikkje uventa tapte han både fjerde og femte parti ganske klart mot to av dei beste spelarane til Stjernen. August hausta likevel stor applaus for ein prestasjonsrating på over 1500. Slikt kan ein leva lenge på.

 

August vann 200 kroner for beste prestasjon i sin ratingklasse hos Stjernen
Foto: Askild Gjerstad

 

Barnas Grand Prix hos Dragulf

Høgdepunktet på sjakkleiren er utvilsamt Barnas Grand Prix-turneringa på fredag. Barnas Grand Prix- turnering hos Dragulf er eit myldrande liv av barn som spelar sjakk, denne fredagen var 82 barn i sving ved sjakkbrettet. Eirik var med i den yngste klassen, der det var over 30 barn med. Han sikra seg tre remis og ein seier, og var veldig fornøgd med turneringa. August var med i den øvste klassen, med barn mellom 8 og 11 år, som alle har spelt sjakk i nokre år. August blei nummer 3 i miniputtklassen, der rundt 20 barn deltok. Dessverre hadde me så lite tid til flytoget at me ikkje rakk å vera med på premieutdelinga. Men August fekk i alle fall med seg diplom og medalje i handa for tredjeplass før me sprang til flytoget!

 

 

På sjakkleir kan ein også spela sjakk i pausane. Her spelar August lynsjakk mot Nordstrand sin talentfulle Tristan Mathias Holth Brække
Foto: Askild Gjerstad

 

Aktuelle lenker: