Reisebrev frå Askild, August og Eirik på haustferie i Oslo

August har vore på leir og i ulike sjakklubbar i Oslo og storkost seg i haustferien
Foto: Olga Dolzhikova  |  Dragulfs nettsider

 

Sjakkferie i Oslo

Haustferien er leirtid i vår familie. Når vinteren så smått melder sitt kome tidleg i oktober, har både underteiknande og ungane fri frå skulen, og me kan reisa sørover til varmare strok. I fjor var både Eirik og August på sjakkleir hos Dragulf. I år ville Eirik heller vera med på fotballeir hos Ullern, mens August også i år var på sjakkleir.

August kosar seg alltid på sjakkleirane til Dragulf, der spesielt «Barnas Grand Prix-turneringa» på fredagane er eit høgdepunkt. Oslo har likevel endå meir å by ein ung sjakkspelar på i haustferien, og i år fekk August med seg tre turneringar i Oslo i løpet av dei fem dagane me var i byen. Oslo bognar av sjakklubbar og ulike turneringar, så det er ein framifrå by å besøka for alle som vil spela sjakk.

 

På Dragulf sin sjakkleir får ein spelt lynsjakk i pausane og etter at leiren er ferdig for dagen.
Her spelar August lynsjakk mot talentfulle Anton Bae, som er son til sjakkekspert i NRK, Torstein Bae.
Foto: Askild Gjerstad

 

Langsomlyn i staselege lokale

Fyrst ute var langsomlyn i Asker sjakklubb på måndags kveld. Me var oppe allereie klokka 0445 måndags morgon, så eg sa til August at han godt kunne stå over Asker etter ein lang reise- og leirdag. Men han ville vera med, det er jo ikkje kvar veke me er i Oslo og August kan spela sjakkturnering ein heilt vanleg måndag i oktober.

Asker sjakklubb må ha eitt av dei aller finaste klubblokala i landet. Dei har klubbturneringar i Venskapen, som er ein over 100 år gamal trebygning i Asker sentrum. I dag blir den staselege bygninga fyrst og fremst brukt som selskapslokale. Klubbkveldane til Asker sjakklubb blir spelt i formannskapssalen, som blei brukt av formannskapet i Asker kommune før rådhuset stod ferdig.

Det var 14 deltakarar med på langsomlyn med sju minuttar tenketid og tre sekundar ekstra per trekk. August kjempa i toppen i siste halvdel av dei sju rundane, men måtte mellom anna gi tapt for vinnaren Oda Kofoed Gramstad frå Dragen sjakklubb. Likevel var han veldig fornøgd med innsatsen, og han fekk bokklassikaren «Fundamental Chess Endings» i premie etter ein fin andreplass i sin klasse og fjerdeplass totalt.

 

Hos Asker vanka det bokpremiar. August valte seg «Fundamental Chess Endings» som sin bokpremie. Det går nok endå nokre år før han opnar boka!
Foto: Ståle Nilssen, Asker sjakklubb

 

Revansjelyst hos OSS

På tysdag var det tid for Nortekk lynsjakk i Oslo Schackselskap (OSS). OSS har eit relativt stort lokale på Majorstua, og det avlange lokalet osar av sjakksjel sidan det er fylt med bilete av sjakkspelarar, diploma og andre sjakkrelaterte suvenirar. August var også med på Nortekk i fjor, då gjekk det godt under forventning og han hadde ei sterk kjensle av å ha underprestert. I år ville han gjerne revansjera seg, sjølv om han visste at Nortekk nok er den tøffaste klubbarenaen å spela lynsjakk på her til lands.

August fekk veldig tøff trekning med svart, og møtte to FM’ar og berre spelarar over 1800 i rating med svart. Han var nære på å ta poeng i minst eitt parti, men det blei til slutt fem tap med svart. Med kvit fekk han eit langt meir takknemleg trekning, og vann alle fire partia. Til slutt endte han på 1695 i prestasjonsrating, noko som var langt sterkare enn i fjor.

 

Her varmar August opp til OSS si hurtigsjakkturnering mot partisekretæren i Miljøpartiet Dei Grøne, Torkil Vederhus, som er ein habil sjakkspelar
Foto: Askild Gjerstad

 

Intim hurtigsjakk

Stjernen sjakklubb er ein av dei største i landet, og arrangerte i sumar landsturneringa i Vallhall arena i Oslo. Til kvardags har Stjernen eit intimt og heimekoseleg klubblokale rett ved Birkelunden på Grünerløkka, og kvar torsdags kveld blir rundt 35 spelarar pressa inn i eit lokale som knapt nok er større enn stova vår heime. Noko av det fine med Stjernen er at dei har si eigen internrating. Dei bryr seg ikkje om Fide-rating, men rangerer spelarane som stiller på hurtigsjakk etter korleis dei har prestert i klubben på tidlegare torsdagar i klubben. Fleire spelarar har 1500 i internrating eller meir, utan å ha Fide-rating. August hadde 1263 i internrating frå fjorårets turnering i haustferien. Det blei spelt fem rundar hurtigsjakk. August syntes han underpresterte og fekk 3 av 5 poeng, men han vann i alle fall det viktige sistepartiet som gjorde at han vann sin klasse og fekk 200 kroner i premie.

 

Stjernen sjakklubb er ein av landets største, og kan skilta med eit sjeldan intimt lokale. Det er ikkje store armslaget 35 spelarar har
Foto: Askild Gjerstad

 

Vidare til Vestlandet

På fredag var det avslutning av sjakkleiren hos Dragulf med «Barnas Grand Prix»-turnering. Desse turneringane som Dragulf arrangerer er noko av det vakraste ein ser i sjakk-Noreg. Turneringa fyller opp tre-fire klasserom med ungar som spelar sjakk på Skøyen skole. Det osar av sjakk i korridorane mellom partia, og ungane sjekkar resultatlister og diskuterer resultat, trekning og strategi. Til slutt er det storslegen premieutdeling med premie til alle. I haustferien var det over 70 deltakarar, og alle dei fem tilreisande frå Tromsø og Kirkenes slo godt frå seg og viste at det ikkje berre er i Oslo at dei kan spela sjakk.

Men dessverre nådde ikkje August å vera med på premieutdelinga i år. Me måtte halsa vidare til flytoget og feiring av bestemor sin 80-årsdag på Vestlandet så snart August hadde spelt ferdig sitt siste parti i miniputtklassen. Premieutdelinga får me ha til gode til neste års sjakkferie i Oslo!

 

Mellom sjakkslaga er Oslo ein perfekt ferieby for to gutar som spelar Pokemon Go. Her er August og Eirik på Pokemon-jakt i Frognerparken
Foto: Askild Gjerstad

 

Aktuelle lenker: