Intervju med Augusts far Askild Gjerstad i TSKU

 

Askild Gjerstad er styremedlem i TSKU, sjakkpappa og sjakkentusiast
Foto: Siri Outzen Arneberg

 

1. Korleis oppdaga dokker sjakken i familien?

Det var August som oppdaga sjakken på SFO då han akkurat var fylt seks år. Han blei hekta fyrste dag han spelte sjakk, og kom heim frå SFO og ville spela mot meg. Ein månad seinare starta han på grunnkurs hos Monika og Edit Machlik på klubben, og då var det gjort.

 

2. Kan du sjølv sjakkreglane og spelar du sjakk på nett?

Eg kan sjølvsagt reglane, og eg er veldig glad i sjakknøtter. Eg er uansett ein hjelpelaus sjakkspelar, så eg spelar lite på nett. Eg ser likevel ein del live sjakk, også når vanlege klubbspelarar her i nord spelar i turneringar som blir overført på nett.

 

3. Eg veit at du følger August tett når han spelar, er han på etter partia og fortel deg om dei?

Ja, det gjer han. Han er veldig glad i å fortelja om korleis han har tenkt i partia. Det kan gå veldig fort i svingane, og det er ikkje alltid eg heng med i alle resonnementa. Sist laurdag hugsa han fire av seks hurtigsjakkparti han hadde spelt på klubben. Det blei ein ganske omfattande gjennomgang for ein sjakkforelder som kan oversjå dei mest innlysande truslar på sjakkbrettet.

 

4. Har sjakken gitt dokker nokon bonus-effektar utover å vera ein fin hobby? Har August for eksempel lært seg ferdigheiter han elles ikkje ville tileigna seg?

Ja, det vil eg absolutt seie. For August er det hans viktigaste sosiale arena utanfor skulen. Han har fått vener i sjakken over heile landet. Kvardagen blir dessutan langt meir interessant å ferdast i når ein har ein lidenskap å dyrka. Sjølvsagt er det også nærliggjande å tenkja at det vil vera ein stor fordel på skulen og når han skal ut i arbeidslivet. Det er jammen ikkje mange gongar ein ser barneskuleelevar konsentrera seg djupt i 8-10 timar per dag, slik som ein ser i langsjakkturneringar.

 

August har fått mange bonuseffekter fra sjakken, reiser, venner og en fin hobby
Foto: Siri Outzen Arneberg

 

5. Kva for roller har du i sjakken i byen bortsett fra å være pappa til August?

Eg er styremedlem og kasserar i TSKU.

 

6. August har eit heilt spesielt sjakktalent få andre i nord har – når oppdaga du dette?

NRK sin USA-ekspert Sofie Høgestøl sa ein gong: «Hard work eats talent for breakfast». I vår tid er det vanleg å vektlegga talent som viktig for å lukkast. Eg trur at både interesse og disiplin er langt viktigare. Dei fyrste månadane etter at August blei introdusert for sjakk, rett etter at han fylte seks år, brukte han all si ledige tid på sjakk. Han stod opp tidleg for å studera stillingar, og fortsette med ulike studium etter at skulen var slutt.  Då han var sju år, kom den store koronanedstenginga. August gjekk i andre klasse. Han brukte ikkje mykje tid på skulearbeidet då det var heimeskule, men skuledagen brukte han i staden på å spela turneringar på Lichess. Den gongen oppdaga me i alle fall at August har ei spesiell evne til å jobba hardt med det han er interessert i. Det er ikkje sikkert han er så mykje meir talentfull enn dei andre i TSKU, eg trur at fleire kunne nådd like langt om dei brukte like mykje tid på sjakk i dei tidlege barneskuleåra som August gjorde.

 

7. Korleis jobbar August med sjakken for å bli betre?

Han spelar bullett, lyn og hurtig på nett. Dessutan har han jo alltid vore veldig glad i sjakknøtter, så det er også ein del av treninga. I tillegg har han undervisning to gongar i veka. Ein gong i veka er han på kurs i TSKU. Og nesten kvar helg har han også ein individuell undervisningstime hos Sjakkfantomet. Dei siste månadane har han også spelt ein del tredagars sjakk på nett med kameraten Isai Sivaparan frå Molde sjakklubb. Han kan gå ein heil dag å tenkja på eit trekk i tredagars sjakk. Det er jo nesten eit lite pust av den gamle postsjakken, som eg veit at fleire her i nord la mykje tid og arbeid i på-90-talet og sikkert før det også.

 

8. Kva er dei finaste turane dokker har vore på så langt?

Det er veldig mange. Sjølv om August har deltatt i mange turneringar i både inn- og utland, er han kanskje aller mest glad i hurtigsjakkturneringa i Harstad. Det er på ein måte den perfekte turnering for han, med veldig mange parti på ei helg. Han har nok spelt mange av sine beste sjakkparti i Harstad opp gjennom åra, det gjer jo også at han likar seg spesielt godt der. Dessutan er det ein stor sjakkfest i nord for oss sjakkinteresserte. Tenk å ha så mange nasjonale og internasjonale sjakkprofilar samla i Harstad!

Me har jo også deltatt på fleire turneringar i Tyskland dei siste åra. I januar reiste me til Berlin for å delta på ei lyn- og hurtigsjakkturnering. August fekk med seg kameraten Markus (Øygaard Thomassen) frå Kirkenes. Dei hadde ei sjeldan fin helg i Berlin. I desse dagar kor flybillettane til Oslo er blitt så dyre, er det fleire i Tromsø sjakklubb som burde sjå på billettar med direktefly til Berlin når dei skal delta i sjakkturneringar. August og eg betalte 2600 kroner for begge to tur/retur i januar.

 

Askild, Eirik og August i Berlin i januar – en flott tur!
Foto: Marte Solbu

 

9.Kva har vore årets sjakklege høgdepunkt for sjakkpappa Askild i 2024?

Der vil eg trekka fram 71 grader Nord-turneringa på Skjervøy i oktober. Skjervøy har jo strevd litt med å få arrangert turnering dei siste åra. I haust var det lenge usikkert om det blei noko av turneringa på Skjervøy, fordi dei på Skjervøy frykta at det blei veldig få deltakarar. Heldigvis blei det arrangement. Det var ei fabelaktig helg. Skjervøy er unikt på fleiremåtar. Fyrst og fremst er det svært imponerande at ein liten kystkommune i utkant- Troms med rundt 2500 innbyggjarar har sin eigen sjakklubb, som til og med stiller med lag på NM for barne- og ungdomslag. Dessutan er hotellet på Skjervøy ein sjeldan fin plass å arrangera sjakkturneringar. Det er veldig intimt og praktisk med kort avstand mellom barne- og vaksenturneringa, utan at dei forstyrrar kvarandre. Skjervøy er også veldig flinke på det sosiale, og ein reiser alltid heim frå Skjervøy med gode minner.

 

10. Kva set August størst pris på i sjakken?

Eg trur eg må seie kombinasjonen av det sportslege og det sosiale. August elskar å spela sjakk på brett. Han er spesielt glad i turneringar der han anten kan spela lynsjakk eller analysera ferdigspelte parti med venene sine mellom kvar runde. Sidearrangement som lynsjakk, pratelagsjakk eller skjåk på landsturneringa eller på andre turneringar er også midt i blinken for han.

 

11. Du er som nemnt med å dra lasset i TSKU – dokker verkar å vere en fin foreldregjeng som er med no?

Det er ein veldig fin gjeng ja. Eg tenkjer at det er ein gjeng som utfyller kvarandre veldig godt. Me har både praktikarar som ikkje er redde for å ta eit tak, og me har folk som er flinke til å få skrive søknader og tenkja på alt det praktiske rundt det å arrangera turneringar.

 

12. Har dokker nokre spanande planar framover?

Ja! Me har akkurat fått støtte frå Gjensidigestiftelsen til å arrangera sjakkleir den fyrste veka i sommarferien. Me håpar på minst 50 deltakarar, det er veldig artig at me kan få til noko sånt i Tromsø. Me håpar også på mange tilreisande barn frå dei andre sjakklubbane i Nord-Noreg. Leiren er gratis og me betalar til og med reise for deltakarane.

 

Askild liker å følge med på August når han spiller og analyserer og kan en del sjakk selv
Foto: Anniken Vestby

 

13. Har TSKU nokre uttalte vyar eller visjonar i åra som kjem?

Me jobbar mykje med å få på plass ekstern finansiering for å arrangera for eksempel sjakkleir i Tromsø. Dessutan ynskjer me å bli mykje betre på å skaffa finansiering til reisestøtte for dei i TSKU som vil reisa på turneringar i Sør-Norge. Me håpar på å at alle i TSKU som vil reisa på NMU i Oslo i november, skal få dekt ein stor del av reisa si gjennom sponsing frå det lokale næringslivet i Tromsø. Det er blitt mykje dyrare å reisa frå Tromsø dei siste åra, og dette har blitt ei stor utfordring for alle som ynskjer å delta på ulike idrettsarrangement utanfor Troms.

 

14. Kva er det mest givande og det mest krevjande ved å vera forelder til eit sjakktalent?

Det mest givande er utvilsamt å sjå at ein har eit barn som brukt tida på noko meir enn alt det overflatiske og lett fordøyelege som i alt for stor grad får prega vår tid. Eg jobbar som lærar på vidaregåande, og eg ser at mange unge brukar alt for mykje tid på lett fordøyeleg skjermunderhaldning. No høyrest eg nok ut som ein gamal og surmaga moralist, men eg trur at sjakken inviterer til ei fordjuping som vår tid i mange samanhengar har mista. Det tyngste med sjakken, anten ein spelar sjølv eller er forelder, er å tapa ei stilling der ein har stått best. August kan irritera seg alt for lenge over parti han tenkjer at han skulle ha vunne. Samtidig har han blitt flinkare på å koma seg vidare etter eit bittert tap enn han var for eit par år sidan.

 

15. To stjerner og eit ynskje for Tromsø sjakklubb?

* Det er ein veldig fin møteplass for alle som er glade i å spela sjakk.  August har vore på klubben dei aller fleste torsdagar gjennom heile barneskulen. Og i tillegg ein gong på kurs hos TSKU kvar veke. Det har vore ein sjeldan fin arena for han, og han gler seg ofte i fleire dagar på førehand til turnering på klubben.

* Tromsø er faktisk ein av klubbane i landet der fleire spelarar med meisterstyrke deltek på vanlege klubbkveldar. Overraskande nok er detfå sjakklubbar i landet som har spelarar på nivået til Pål (Røyset), Torbjørn (Valvåg) og Sivert (Schanche Tørfoss) som møter opp på sin lokale klubb så ofte som desse tre gjer. Det er ein stor styrke for Tromsø sjakklubb, fordi unge spelarar som vil opp og fram verkeleg får noko å bryna seg på.

* Sjakklubben har tatt i mot August på ein veldig fin måte, og mange andre i TSKU har også funnet seg ein arena der ein kan utvikla seg til å bli ein god sjakkspelar. Samtidig tenkjer eg at sjakklubben enkelte gongar kan bli endå flinkare på å ta i mot nye medlemmer. Fleire av dei som er innom, er berre med nokre få gongar. Det er sjølvsagt mange grunnar til at folk fell frå etter kort tid. Det er i alle fall viktig å vera medviten om utfordringa.

 

16. Kva er August sine neste store oppgåver på sjakkbrettet?

Landsturneringa er nok den neste store turneringa. Men han gler seg også veldig til nordnorsk meisterskap i Harstad i juni.

 

 

Aktuelle lenker: